annelenebleken.dk

Livsdråper II - Tro, Liv, Natur og Barndom

Diktene i den andre boken av diktsamlingen er samlet under temaene Tro, Liv, Natur og Barndom, og mange dikt beskriver den storslåtte vestlandsnaturen, som forfatteren kjente så godt fra sin oppvekst og sitt voksne liv. Fofatteren skriver også dikt fra sin barndom, som forteller spennende historier fra en svunnen tid, og er et stykke viktig kulturhistorie. Det er ca. 100 dikt i boken.
 
Her er noen eksempler på dikt fra Livsdråper II:
 
 
DET GULNA LAUV

Solkysst og bore i fagre skogar.
Livets løyndom. I vårens sekund.
Underfanga i bristande knoppar.
Gudebore i fagre skogar.

Livsguden bever.
I solsprett den lever.
Millionar naturens brødre.
Modnast saman i gyllen haust.

Solmoden, gyllen den siste klednad.
Snart får du gøyme din gyldne pryd.
Svartkledd går skogen mot kvite kyst.
 
 
NATURENS BARN
 
Ein fridomstrang
som naturen føder i eit barn.
Heilt frå det er lite.
Det er ikkje trælka med alle band,
som dei fleste barn må vite.
Alt som strøymer ut av ei sjel.
Det er ein fridomstrang
som føddest då det var lite.

Naturen var som ein veldig arm.
Rundtom frå alle kanter.
Over hovud og ned til strand
var høge fjell i naturens rand.
Det var som i ei gryte.
Det kan skrivast massevis
om disse fjelli mange.
Eg ser dei for mitt indre,
mektige som riser.

Fjelli hadde kvar sitt navn.
Eg hugsar alle saman.
Eg skal nok nemne mange her.
For det er berre gaman.
Det er mitt eige Stålberghorn.
Smørdalstind og Skåratind.
Saksa. Nakken. Brekketind.
Men størst av alt var Slogen.

Han stend so prektig som ei brud.
Mange dei vil sjå han.
Og når ein kjem på Slogens topp.
Det gjer i hjarta fort eit hopp.
Det er eit fagert syn å sjå.
For under deg dei andre fjelli låg.
 
 
STRAUMSHORN

Dagen haller, det lid mot kveld.
Soli sig sakte ned bak fjell.
Kaster i kjærleik sitt siste sukk.
Gyller so fagert, den øvste topp.
Sveiper seg kjælent som mjuke skinn,
blekrød og gyllent det siste skin.
Før dagen haller og gjeng i æva inn.

Høgt stend dei pynta til nattetid.
Du fagre Straumshorn, so høg og fri.
Kjærlig du tek imot.
Kvar stråle, varm og mild.
Og legg viljugt til, eit kjælent skinn.
Di breide bringa, so varm og god.
Ei brudekruna av skaparhanda.
Elskar deg, og kysser deg godnatt.

Den gyldne topp, stend høgt mot sky.
Eit spyd mot himm'len blå.
Den fargeprakt som om deg slår.
Kvar dag deg solens strålar når.
Og bakom deg ei gudeseng.
Ei kvild for jord og sol.
Ein solnedgang kvar dag,
når dagen haller og det er kveld.
Anne-Lene Bleken | - Norway and Denmark | annelenebleken@hotmail.com